Delirium
(akutt forvirring) er ein særs vanleg komplikasjon til somatisk sjukdom.
Delirium er kjenneteikna av eit akutt oppstått problem med merksemd og endring
i kognitiv funksjon. Hallusinasjonar og vrangforestillingar er vanlege, til
dømes er det ikkje sjeldan at deliriøse pasientar på eit sjukehus trur dei er
innesperra i eit fengsel og at kvitkledde helsearbeidarar er fangevoktarar
(eller spøkelse) som er ute etter å skade dei. At deliriøse pasientar stritter
i mot i samband med blodprøvetaking eller andre prosedyrer er difor ganske
naturleg.
Delirium
oppstår som eit samvirke mellom predisponerande faktorar (sårbarhet) og
utløysande hendingar. Jo meir skrøpelig ein pasient er, desto større risiko er
det for å utvikle delirium. Demens er ein spesielt sterk risikofaktor for
delirium. Hjå pasientar som er sårbare skal det lite til å utløyse eit
delirium. Ein situasjon som i utgangspunktet ikkje er så alvorleg (urinveisinfeksjon,
urinretensjon, obstipasjon) kan væra nok. Hjå pasientar som er meir robuste
skal det meir til å utvikle delirium, men også pasientar som i utgangspunktet
er spreke kan utvikle delirium om dei blir sjuke nok (ein alvorleg infeksjon,
store traumer, stor kirurgi). Dei to avdelingane i eit sjukehus som har flest
deliriøse pasientar er geriatrisk avdeling (som har dei mest skrøpelige
pasientane) og intensivavdelingane (som har dei sjukaste pasientane).
Til tross
for at delirium er vanleg og alvorleg har det hatt overraskande lite fokus i
klinikk og forsking. og det er framleis mange som jobbar med deliriøse
pasientar som veit lite eller ingenting om tilstanden. Svært mange tilfelle av
delirium blir difor aldri oppdaga. Når ein snakkar med pasientar og pårørande
etter eit sjukehusopphald, opplever ein ofte at det som gjorde aller sterkast
inntrykk var at dei vart så forvirra i samband med sjukdomen. Dette er gjerne meir
skremmande enn sjukdomen i seg sjølv. Hallusinasjonane kan i seg sjølv være
svært ubehagelege, men sjølve erfaringa med å miste kontrollen og ikkje forstå
kva som skjer er nok det aller verste. I tillegg er det mange pasientar som har
eit vagt minne om at dei oppførte seg dårleg overfor personalet på avdelinga.
Pasientar med delirium er absolutt ein utfordring å hanskast med i ei
sjukehusavdeling, men dette er jo ikkje pasientane sin feil. Like fullt er det
mange pasientar som plagast av slike minne. Det er fleire rapportar på at
delirium kan utløyse posttraumatisk stress.
Interessen
for delirium er stigande både blant forskarar og hjå klinikarar. Dei siste åra
har ein lært meir om kor vanleg delirium er, men også vorte meir merksam på kor
alvorleg den kan vere. Ikkje minst har ein vorte meir merksam på
langtidskonsekvensane av delirium. Inntil for få år sidan trudde ein at delirium
var ein tilstand som gjekk attende av seg sjølv og så var problemet løyst. Hjå
dei fleste pasientar stemmer det for så vidt at dei kjem ut av delirium når ein
får behandla tilstanden som utløyste det i utgangspunktet. Men det er no stadig
meir overtydande data som tyder på at delirium er assosiert med auka risiko for
død, for trong til sjukeheimsplass og ikkje minst ein dramatisk auke i risiko
for demens. Og for pasientar som allereie har demens, kan ein episode med
delirium forverre tilstanden. Det er difor all mogleg grunn til å ta delirium
på alvor og gjere det ein kan for å førebyggja tilstanden.
Det finst
dessverre ingen effektive medikament for å behandle delirium. Antipsykotika
blir nokre gonger brukt for å dempe symptom, men studiar har ikkje vist at
dette er ein effektiv behandling av delirium i seg sjølv. Heldigvis er det
mogleg å førebygge så mykje som 30–50 prosent av tilfella gjennom å
optimalisere den medisinske behandlinga (behandle smerter, sikre god søvn,
orientere pasientane, sikre homeostase).
Den 16.
og 17. november i år blir den europeiske deliriumkonferansen arrangert på Hotel
Bristol i Oslo. Dette vil vere ein flott moglegheit til å bli oppdatert på
denne viktige tilstanden! Programmet er lagt opp slik at det skal vere
interessante og relevante fordrag for alle faggrupper som jobbar med delirium,
også for dei som jobbar utanfor sjukehus. Delirium og demens er tett knytt
saman, og det vil bli eigne foredrag om kva som knyter tilstandane saman og kva
som skil dei, både patofysiologisk og klinisk. Sjekk nettsidene www.eda2017.com
for program og påmelding! Velkommen!
Leiv Otto
Watne
Oslo
Delirium Research Group og leiar av organsiasjonskomiteen for EDA 2017
l.o.watne@gmail.com