Målet med denne studien var å kartlegga angstsymptom hjå eldre pasientar med depresjon, psykose og demens ved hjelp av Geriatric Anxiety Inventory (GAI). Dette er ein skala med 20 utsagn der pasienten svarar einig eller ueinig. Vidare var målet å utføra ein faktoranalyse av denne skalaen og sjå om pasientgruppene svara ulikt på eventuelle underskalaer.
220 pasientar med depresjon, 140 med demens og 68 med psykose vart inkluderte frå ei av fire alderspsykiatriske avdelingar. Sosiodemografiske variablar, ulike testskåre og medikamentbruk ved innleggelse vart presentert som skildring av pasientgruppa.
Samanlikna med dei to andre gruppene hadde pasientar med depresjon høgast totalskåre og skåre på dei fleste enkeltutsagna. Resultatet på faktoranalysen vart to faktorar definert som “bekymringar” og “fysiske symptom”, dei inkluderte henhaldsvis 13 og 7 utsagn. Også på underskalane hadde pasientane med depresjon høgast skåre.
Resultata synte at depresjonspasientar skilde seg ut med meir angstsymptom, faktoranalysen kan tyda på at GAI måler to ulike dimensjonar av angst.
Referanse
-
Bakkane Bendixen, A., Hartberg, C. B., Selbaek, G., & Engedal, K. (2016). Symptoms of Anxiety in Older Adults with Depression, Dementia, or Psychosis: A Principal Component Analysis of the Geriatric Anxiety Inventory. Dement Geriatr Cogn Disord, 42(5-6), 310-322. doi:10.1159/000452272