Fysioterapeuten, 2024

Fysioterapeutar sine erfaringar med Sterk og stødig for heimebuande eldre – ein kvalitativ studie

Samandrag
Hensikt:
Å undersøkje fysioterapeutar sine erfaringar med å rekruttere, lære opp og rettleie frivillige instruktørar som skal ha ansvar for å leie Sterk og stødig-treningsgrupper som ein del av kommunen sitt fallførebyggande tilbod til heimebuande eldre.

Metode: Fire individuelle djupneintervju med fysioterapeutar tilsett i ulike kommunar vart analysert med systematisk tekstkondensering.

Funn: Fem tema vart funne: (1) Ei naturleg rolle som skapar variasjon i arbeidskvardagen, (2) Rekruttering – ei ny rolle, (3) Frivillige som brubyggjarar for kunnskapsformidling, (4) Kontinuerleg rettleiing for å sikre riktig dosering og (5) Sterk og stødig for målgruppa?

Studien syner at opplærings- og rettleiingsrolla i Sterk og stødig vart opplevd som naturleg, og prega av tryggheit, kompetanse og ei positiv haldning til å arbeide førebyggande med målgruppa. Frivillige instruktørar fungerte som kunnskapsformidlarar om trening og fallførebygging til gruppedeltakarane. Å rekruttere eigna frivillige instruktørar var essensielt for både treningseffekt og drift av tilbodet, men var også ressurskrevjande for fysioterapeutane. Synet på å inkludere deltakarar utanfor målgruppa varierte.

Konklusjon: Fysioterapeutane opplever at arbeidsoppgåver knytt til Sterk og stødig integrerast naturleg inn i eiga rolle. Trass krevjande rekrutteringsarbeid, vert samarbeidet med frivillige gruppeinstruktørar ein viktig ressurs i det fallførebyggande arbeidet. Å finne gode løysingar knytte til rekrutteringsarbeid er sentralt.

Forfatter(e)

Ane Brekke, Bård Erik Bogen, Ingebjørg Kyrdalen & Lill Anette Juvik

Tilgang til artikkelen